jaattaa_bhg_udir_008

TRYGGARE BARN MED LENGRE TILVENNING


– Ut frå det vi i dag veit om barn og tilknyting, er ein tilvenningsperiode på tre dagar altfor lite, meiner Jåttå barnehage i Stavanger. Dei har hatt stor suksess med ein lengre, foreldreaktiv tilvenningsperiode.

Barnehagen ligg rett utanfor Stavanger og opna i 2011. Kort tid etter merka dei tilsette at den tradisjonelle tilvenningsperioden på tre dagar ikkje tok vare på barnas behov for tilknyting på ein god nok måte. Dermed utarbeidde dei Jåttå-modellen, som vart sett i verk for to år sidan.

– Foreldre kjem til oss og seier at den nye tilvenninga har vore ein draum samanlikna med slik dei hadde det med det første barnet, seier styrar Tove Erna Belland.

Dei erfarne barnehagelærarane Kirsti Drange Jåtten og Carina Lange Moi opplever Jåttå-modellen som svært positiv for barna sin trivsel. – Det kjennest bra å kunne få den nødvendige tida til å lære eit nytt barn å kjenne, seier Kirsti.

Dei erfarne barnehagelærarane Kirsti Drange Jåtten og Carina Lange Moi opplever Jåttå-modellen som svært positiv for barna sin trivsel. – Det kjennest bra å kunne få den nødvendige tida til å lære eit nytt barn å kjenne, seier Kirsti.

Saman med barnehagelærar Kirsti Drange Jåtten og fagleiar Carina Lange Moi fortel ho engasjert at det heile begynte med at dei las seg opp på tilknytingsteori:

– Tradisjonell tilvenning er verken i tråd med nyare forsking eller med vårt eige syn på barn. Vi fekk ikkje nok tid til å etablere oss som den trygge hamna vi vil vere for kvart enkelt barn. Ei av dei viktigaste oppgåvene barnehagen har, må vere å organisere tilvenninga slik at barnet kan utvikle ei trygg tilknyting til ein ny vaksen.

Med utgangspunkt i mellom anna ei svensk masteroppgåve om foreldreaktiv tilvenning utvikla barnehagen sin eigen tilvenningsmodell. Jåttå-modellen har allereie fått merksemd både lokalt og nasjonalt.

Modellen vektlegg i stor grad kor mykje foreldra har å seie for barnets tilvenning, og barnehagen arrangerer informasjonsmøte og besøksdagar i forkant av barnehagestart.

Tilvenninga er organisert med grupper på tre barn, og foreldra er til stades med barnet i fem heile dagar. I starten har foreldra ansvaret for barnet når det skal stellast, ete, sove, leike og under aktivitetar.

– Kontaktpersonen følgjer med og observerer korleis barnet reagerer, og korleis foreldra møter barnet. Det er enklare å lese barnas signal og sjå barnas behov når dei er saman med foreldra over lengre tid. Vi blir også betre kjende med familien. Vi får jo ikkje berre nye barn i barnehagen, vi får nye familiar, seier Kirsti, som har jobba som barnehagelærar i 30 år.


KIRSTI DRANGE JÅTTEN

Barnehagelærar i Jåttå barnehage

Utdanna barnehagelærar

Vidareutdanning: Rettleiing mod. 1 + Barns utvikling

30 år som barnehagelærar på ulike avdelingar. Praksislærar i over 20 år.


CARINA LANGE MOI

Fagleiar i Jåttå barnehage

Utdanna barnehagelærar.

Vidareutdanning i pedagogikk mellomfag, pedagogisk rettleiing og fleirkulturell pedagogikk.

Har jobba i 15 år som pedagogisk leiar og seks år som rettleiar.

Fagleiar i Jåttå barnehage frå juni 2014.

Etter kvart blir barnet kjent med kontaktpersonen som tek over omsorga for barnet litt etter litt.

– I denne fasen er forelderen framleis til stades i barnehagen og hjelper gjerne til med praktiske gjeremål. På denne måten blir dei betre kjende med organiseringa i barnehagen, og dei oppnår meir realistiske forventningar og større grad av tryggleik. Dette har vist seg å vere veldig positivt i høve til det vidare foreldresamarbeidet. Enkelte av foreldra har også spørsmål og ønskjer rettleiing, og da bidreg vi gjerne med det, fortel fagleiar Carina.

Etter at den første veka er omme, ønskjer barnehagen at barna får kortare dagar i den første perioden. Jåttå-modellen går altså ut på ein tilvenningsperiode på to veker. Korleis er det for foreldra å ta seg fri så mange dagar?

– Enkelte kan synest det er vanskeleg, men dersom vi som fagpersonar kan grunngi lang tilvenning godt nok, er dei fleste foreldra veldig positive. Tidleg informasjon er viktig for å kunne planleggje, og mange foreldre deler på oppstarten, bruker ferie eller permisjon eller får hjelp av besteforeldra. Evalueringa frå i fjor viser at foreldra stort sett er svært godt fornøgde, seier Tove Erna.

Lengre tilvenning gjer at barnehagen blir betre kjend med barna og familiane deira. Styrar Tove Erna Bjelland fortel at dette har gitt mange positive ringverknadar.

Lengre tilvenning gjer at barnehagen blir betre kjend med barna og familiane deira. Styrar Tove Erna Bjelland fortel at dette har gitt mange positive ringverknadar.

Dei ekstra tilvenningsdagane gir ei rad positive ringverknader. Dei tilsette opplever det som svært verdifullt at foreldra til barna blir betre kjende med kvarandre og med barna til kvarandre. Kirsti fortel om utveksling av telefonnummer i garderoben og sosiale samvær på fritida. For minoritetsspråklege foreldre kan desse dagane gi betre kjennskap til norsk barnehage, og dei utan nettverk blir kjende med familiar som har barn på same alder.

Jåttå barnehage har 235 barn og 16 avdelingar. Bygget er stort, og uteområdet enda større. Samtidig er stemninga roleg, og kvar avdeling står fram som ei hyggeleg lita tue når vi tek ein runde. Nokre barn leiker med bilar, andre et lunsj med prim rundt munnen, er opptekne med puslespel eller er på veg ut i barnehagens grøne lunge. Barnehagelærar Kirsti merkar stor forskjell på barna etter at barnehagen starta med lengre tilvenning.

Barn er sårbare i overgangsfasar, og mange gret og var urolege i tilvenningsperioden tidlegare. No verkar barna meir fornøgde og græt mindre. Det kjennest bra å kunne få den nødvendige tida til å lære eit nytt barn å kjenne. Etablering av god tilknyting gjer foreldra og barna tryggare, og den tryggleiken er noko av det viktigaste vi kan gi dei.


TOVE ERNA BELLAND

Styrar i Jåttå barnehage

Utdanna barnehagelærar

Mellomfag pedagogikk, rettleiing og mastergrad i endringsleiing

Har jobba i tre år som barnehagelærar med dei eldste barna, tre år som rådgivar i barnehage og to år som høgskolelærar i pedagogikk på UiS. Styrar frå 1994–2008, og var med på å byggje opp organisasjonen Jåttå barnehage i 2011.

jaattaa_bhg_udir_019_bw

Heiar på tilpassa tilvenning

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) høyrer frå mange foreldre at tre dagar tilvenning er for lite. – Det beste hadde vore ei meir individuelt tilpassa tilvenning, meiner Marie Skinstad-Jansen.


Ho vart ny FUB-leiar i februar 2015. Som trebarnsmor med ein førsteklassing og to i barnehage får ho god bruk for eigne erfaringar i rolla.

– Eg er veldig engasjert i barn og oppvekst og har sjølv ein eittåring som akkurat har begynt i barnehage. I dag går nesten alle eittåringar i barnehage. Derfor er det blitt enda viktigare at tilvenninga blir tilpassa dei. Her, som på mange andre område, trur eg eit godt samarbeid med foreldra er nøkkelen til suksess.

Ho synest Jåttåmodellen er interessant.

– Det verkar som om dei har lagt ned mykje jobb og reflektert mykje rundt korleis tilvenningsprosessen burde vere. Når foreldra er så fornøgde, har dei jo oppnådd noko bra.

Kva meiner du er viktig i ein tilvenningsprosess?

– Eg trur på ein open, god kommunikasjon mellom foreldra og barnehagen. Trygge foreldre gir tryggare barn. Alle barn er ulike og treng ulik type tilvenning. Barnehagen må vere lydhøyre for kva foreldra seier, og kva barnet signaliserer. Bli kjent, still spørsmål og lær kva som er viktig for barnet. Samtidig må foreldra vere opne for innspel og for dei faglege vurderingane til personalet.

FUB får tilbakemeldingar frå fleire foreldre som opplever at tre dagar er for lite. Utvalet ser for seg ei meir individuelt tilpassa tilvenning.

– Det beste hadde vore å tilpasse tilvenninga etter barnets behov, og bruke den tida det tek til barnet og foreldra føler seg trygge på barnehagen. Når både foreldre og barn græt, er det ein uheldig start på barnehagelivet. Dersom vi kan bruke dei dagane som trengst for at barnet skal få ein god start i barnehagen, vil dette ha veldig mykje å seie for tida vidare i barnehagen.

cv_bilde_Marie Skinstad-Jansen

MARIE SKINSTAD-JANSEN

Jobbar som senior skattejurist i Skatt Øst, og er leiar i Foreldreutvalet for barnehagar.

«Ein god barnehage ser verdien av å samarbeide med foreldra for at barna skal få ein betre kvardag»

FUB jobbar for eit godt samarbeid mellom barnehage og heim, noko som skal bidra til at alle barn får eit best mogleg tilbod. Dei syter også for at foreldrestemma skal bli høyrd i barnehagepolitiske saker.

– Foreldra har blitt meir klare over at dei har rett til å påverke korleis barna skal ha det i barnehagen. Vi ønskjer å styrkje foreldreengasjementet og foreldremedverknaden ytterlegare gjennom informasjon og rettleiing. Mellom anna arrangerer vi foredrag med tema som foreldra er interesserte i, og vi har hatt fleire om eittåringen i barnehagen.

Ei av FUBs hjartesaker er kvalitet i barnehagen, og at barnehagen skal ha mange nok fagleg utdanna tilsette til å arbeide med barna.

– Ein god barnehage ser verdien av å samarbeide med foreldra for at barna skal få ein betre kvardag. Vi vil ha fleire og meir kompetente folk i barnehagen. Det skal vi fortsetje å jobbe for, fastslår den nye leiaren.

FUB

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) er eit sjølvstendig, rådgivande organ for og med foreldre med barn i barnehagen.

Medlemmene blir oppnemnde for fire år. Utvalet skal arbeide aktivt for å sikre foreldrestemma i barnehagepolitiske saker, og

vere eit rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet i saker som gjeld samarbeid mellom heim og barnehage. FUB har faste

møte med departementet og gir stadig innspel frå eit foreldreperspektiv. FUB har tre hjartesaker: kvalitet i barnehagen, mobbing i

barnehagen og tryggleik i overgangen barnehage–skole.

 

FUB kan kontaktast på telefon og e-post, sjå www.fubhg.no.