bogafjell_bhg_udir_013

Skaper kjærleik til naturen


I Bogafjell naturbarnehage i Sandnes er natur og fysisk aktivitet utgangspunkt for alt dei gjer.

Med fjell, fjord og vakker natur som nærmaste nabo skjer det aller meste i Bogafjell naturbarnehage utadørs.

– Vi er ute stort sett heile dagen uansett årstid; vi er anten på vårt eige uteområde eller på tur. Ingenting er betre enn å starte dagen med å ete frukost utadørs. På vinteren tenner vi lykter og et ute i mørket. Det er heilt magisk, fortel styrar Eva Hamre. Ho har jobba i barnehagen sidan starten i 2003.

79 barn er fordelte på dei fire avdelingane Eventyrskogen, Månedalen, Blåfjell og Trollfossen. Naturen er også teken med innadørs; her heng det kvister, greiner, blomster og konglar. Naturteikningar og ting som er laga av det naturen har å by på.

Barna lærer tidleg å setje pris på naturen og å ta vare på han. Det gode forholdet blir bygd opp frå dei begynner i barnehagen.

– Barn er stadig mindre ute i naturen. Vi vil vere med på å skape kjærleik til naturen allereie når barna er små, så dei får eit godt grunnlag å ta med seg vidare. Det skal vere forlokkande, og er det altfor kaldt eller vått, tek vi heller ein kortare tur. På denne måten vil vi knyte gode assosiasjonar til natur og fysisk aktivitet, fortel Marianne Woster Olsen, som jobbar med dei yngste barna.


MARIANNE WOSTER OLSEN

Utdanna barne- og ungdomsarbeidar

Skal ta barnehagelærarutdanning deltid frå 2016.

Har jobba i Bogafjell barnehage i to år.


EVA HAMRE

Utdanna barnehagelærar

Jobba i Bogafjell barnehage sidan 2003, og vore styrar dei siste åtte åra.

Dei tilsette i Bogafjell naturbarnehage er over snittet interesserte i friluftsliv. Engasjementet smittar lett over på barna.

Dei tilsette i Bogafjell naturbarnehage er over snittet interesserte i friluftsliv. Engasjementet smittar lett over på barna.

uteområdet er stort med ulendt terreng og mange fine klatretre. Her, som på tur, er aktivitetsnivået høgt. Barna bruker grovmotorikken, utforskar og får kjenne følelsen av å meistre gjennom å klare noko nytt.

– På barnehagens naturområde har vi mykje frileik, men også disco, og vi lagar taubane, dyrkar grønsaker og heller farge eller zalo i vassdammar. Barna har laga alvehus som står inntil fleire av trea i barnehagen. Her bur det søte, små alvar som vi dreg og helsar på, smiler Marianne.

På tur skundar dei seg helst ikkje, men kikkar og undrar. Tema, fagområde og det pedagogiske arbeidet – alt tek dei med seg ut i det fri.

vi har samlingane våre ute og kan bruke naturen til det meste, også når det gjeld farge, form og matematikk. Det er mykje meir spennande for dei eldste barna å rekne med konglar og kvister enn med tal på eit ark! Dei finn fort sin eigen leik, og vi prøver å ikkje organisere for mykje. Er dei heilt oppslukte av noko, er jo det heilt herlig, da lèt vi dei halde på utan å forstyrre. Dei eldste er ofte glade i prosjekt som å rydde i skogen eller lage bål. Dei minste kjenner på mosen, leiker med ein pinne og utforskar på sin eigen måte.

Marianne og Eva meiner turane er med på å byggje gode relasjonar mellom barna og dei vaksne.

– Vi koser oss veldig og finn mykje glede oss over saman. Vi opplever mykje meir ute, og vi får brukt sansane på ein heilt annan måte. Dessutan har frisk luft ein god effekt på humøret, og mat smaker aldri så godt som ute i naturen!

BOGAFJELL NATUR­BARNEHAGE MED TIPS TIL AUKA TURGLEDE:

  • La barna bestemme kvar turen skal gå.
  • Engasjerte vaksne engasjerer barna. Set dei som er glade i tur, til å leie an.
  • Kurs kan inspirere dei tilsette til korleis dei kan jobbe med fysisk aktivitet i barnehagen.
  • Bruk turistforeininga, dei har mykje kunnskap og fine turar de kan bli med på.
  • Ta med aktivitetssekk med for eksempel garn, naturbøker, spikkeknivar og tau.

bogafjell_bhg_udir_011_edit

Barnehagen samarbeider med Stavanger Turistforeining, noko som gir dei moglegheit til å vere med på turdagar og andre arrangement. Dei har også hatt rettleiing for personalet om ulike aktivitetar i naturen og kurs i påklednad på foreldremøte.

–Dei tilsette er leikne, engasjerte og glade i naturen. Dette engasjementet er viktig fordi det lett smittar over på barna. Fleire foreldre seier at barna deira vil leike meir ute, og at dei minste er blitt flinkare til å gå. Samarbeidet med turistforeininga gjer også at dei er meir utadørs saman med barna i helgene, seier Eva.

Personalet får moglegheit for kurs og påfyll av kunnskap etter ønske. Styraren trur dette verkar både motiverande og inspirerande.

– Somme er glade i å lage mat og andre til å byggje ting, så vi prøver å bruke dei tilsette til det dei sjølve liker å gjere. Å lære nok heilt nytt eller litt betre er alltid positivt, og vi har også mellom anna hatt klatrekurs med dei tilsette for å få dei ut av komfortsonen. Dersom du skal lære barn å kjenne på meistring, må du sjølv hugse kor god den følelsen er.

HELSE­DIREKTORATETS ANBEFALINGER

  • Barn bør være fysisk aktive i lek eller annen aktivitet minst 60 minutter hver dag.
  • Lek som krever fysisk aktivitet utover de anbefalte daglige 60 minuttene gir mer robuste og friskere barn.
  • Gode eksempler er variert bevegelseslek, bevegelse til musikk, balleker, lek med og i vann, aktiviteter i snø og på is. Turer i skog og mark og i ulendt terreng gir variert og allsidig bevegelseslæring. La barnet være ute hver dag.
  • Aktivitetene bør være variert og allsidig, tilpasset barnets utviklingsnivå, og inkludere moderat eller høy intensitet.
  • Stimuler de minste barnas utvikling av grunnleggende bevegelser som rulle, krabbe, krype, klatre, hoppe, hinke og løpe. Balanse og koordinasjon bør være en naturlig del av alle bevegelser.
  • Tiden i ro bør begrenses, og stykkes opp med mer aktive perioder. Bruk av tv, pc eller nettbrett bør begrenses hos de aller minste barna. For de litt eldre barna i denne aldersgruppen bør man tidsbegrense daglig «skjermtid», for eksempel en time per dag.
  • Minst tre ganger i uken bør barna være så aktive at de blir andpustne og varme.
  • Fri lek bør dominere, men varier med tilrettelagt lek.

Kilde: Helsedirektoratet 2014