udir_uis_12_11_2015_06

Rekordmange vil bli barnehagelærar


I haust tok 174 nye studentar fatt på barnehagelærarstudiet ved Universitetet i Stavanger. Det er ein auke på heile 25 prosent målt mot fjorårets kull som også var rekordstort.

Når talet på deltidsstudentar auka med heile 60 prosent, seier det seg sjølv at det kan bli trongt om plassen.

– I ein del tilfelle har fleire studentar måtta sitje på golvet, opplyser Karin Berner, som er studiekoordinator ved Institutt for barnehagelærarutdanninga ved UiS, og som naturleg nok er veldig godt fornøgd med den store interessa. Ho understrekar at dei har opplevd ei jamn stigning i talet på studentar dei siste ti åra.

– Men makan til årets søkjarmasse har vi aldri opplevd.

– Kva er grunnen, trur du?

– Barnehagesektoren har fått ein større plass i opinionen. Det er ei vesentleg årsak. Dernest har barnehagen som læringsarena komme meir i fokus, noko som gjer at stadig fleire ser verdien av ei pedagogisk forankra leiing.

Ho trur dessutan at ei oljenæring i krise også har hatt sitt å seie:

– Barnehagen står fram som ein trygg og sikker arbeidsplass, noko som er viktig for unge menneske som står ved terskelen til arbeidslivet og skal velje utdanning i dag.

I tillegg meiner ho den treårige GLØD-kampanjen frå regjeringa har slått positivt ut. Med slagordet «Verdas finaste stilling ledig» lanserte Kunnskapsdepartementet i 2012 ein storstilt kampanje for å auke rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga og for å heve statusen til dei barnehagetilsette.

– Sjølv om den nasjonale kampanjen er over, fortset vi vår GLØD-satsing med støtte frå kommunar og Fylkesmannen, opplyser ho. Vidare fortel ho at dei mellom anna oppsøkjer rettleiarane ved dei vidaregåande skolane i regionen for å syte for at dei i større grad skal ta med barnehagestudiet som eit alternativ når elevane skal velje høgare utdanning.

 


KARIN BERNER

Karin Berner er studiekoordinator ved Institutt for barnehagelærarutdanninga ved UiS.

Ho tar master i endringsledelse, og har tidligere tatt master i spesialpedagogikk, samt barnehagelærarutdanning.

Ho har jobba i barnehage og skole, og vore universitetslektor ved Institutt for barnehagelærarutdanningen ved UiS.

Malin Tveterås (21) frå Stavanger og Erling Heimdal (26) frå Nordfjord i Sogn og Fjordane er to av dei i alt 887 søkjarane som var heldige og fekk plass på barnehagelærarstudiet ved Universitetet i Stavanger studieåret 2015/2016. Begge har store vyar og mange tankar rundt valet dei har teke.

– Å jobbe i barnehage har med samfunnsutvikling å gjere. Vi skal formidle sunne, gode, jordnære og berekraftige verdiar og haldningar til yngre generasjonar, seier Erling visjonært. At han valde barnehagelærarutdanninga, var ei naturleg følgje av fem år i jobb som assistent i ein barnehage i Sandnes, det siste året som konstituert barnehagelærar.

– Det var utruleg spennande! Som leiar skal du ikkje berre ha ei aktiv rolle knytt til barna, men også til medarbeidarar, foreldre, barnevernstenesta, spesialpedagogar og lokale myndigheiter.

– I rolla som pedagogisk leiar ligg det ikkje berre forventningar til utforminga av det pedagogiske opplegget for barna, men også evna til å kunne samarbeide på tvers av institusjonar og gi relevant rettleiing til assistentane. Dette krev eit høgt fagleg nivå, understrekar Berner.

Barnehageutdanninga ved Universitetet i Stavanger ligg i toppsjiktet når det gjeld fagleg innhald, førelesarar og relevans. Det viser dei årlege undersøkingane blant studentane ved universitetet.

– Det er umogleg å ikkje la seg inspirere! Vi har førelesarar som verkeleg brenn for faget, seier Malin, som heilt sidan ho sjølv gjekk i barnehagen, har visst kva ho skulle bli:

– Så lenge eg kan hugse, har eg sagt at eg skal jobbe i barnehage. Ho hugsar den gode følelsen, korleis ho kjende at ho vart sett pris på og sett.

– For meg handlar det også om at eg fekk ein «second chance in life», seier ho enkelt. Malin er opphavleg frå Kina, men vart adoptert til Noreg i ein alder av 17-18 månader. Da kunne ho knapt sitje – ho var understimulert og underernært.

– Eg fekk eit nytt liv, noko som har blitt mi store drivkraft. For meg handlar det om å kunne leggje til rette for at barn og unge skal få moglegheiter, smiler ho.

– Vi vaksne har ein sjanse til å endre barns liv. Eit ord, ein aktivitet, eit enkelt blikk kan endre alt!

Barnehagelærarstudiet er på same måten som barnehagekvardagen lagt opp etter ein fin balanse mellom teori og praksis, der utfordringa på mange måtar er å sjå moglegheitene til utvikling og stimulans i dei fleste gjeremål og aktivitetar. Malin har allereie late seg imponere:

– Eg gløymer ikkje korleis barnehagelæraren der eg var på observasjonspraksis, skapte ein læringssituasjon ut av vassglaset som rann over. I staden for å snakke vedkommande til rette, brukte ho høvet til å fortelje barnet kvifor dette skjedde.

Studiekoordinator Karin Berner (t.h) ved Universitetet i Stavanger har aldri opplevd makan til interesse for barnehagelærerutdanninga, der Malin Tveterås (t.v) og Erling Heimdal er to av dei heldige som fekk studieplass.

Studiekoordinator Karin Berner (t.h) ved Universitetet i Stavanger har aldri opplevd makan til interesse for barnehagelærerutdanninga, der Malin Tveterås (t.v) og Erling Heimdal er to av dei heldige som fekk studieplass.

«HOS OSS NYTTAR DET IKKJE Å GØYME SEG BAK EIN LAPTOP PÅ BAKARSTE BENK I FØRELESINGSSALEN.»

Ein føresetnad for å trivast som barnehagelærar, er å gi av seg sjølv. Det er ei erfaring begge studentane allereie har gjort seg.

– Hos oss nyttar det ikkje å gøyme seg bak ein laptop på bakarste benk i førelesingssalen. Her må du bidra i form av samarbeid, estetiske uttrykk, diskusjonar og ulike praktiske oppgåver, påpeiker Berner.

– Kan du ikkje samarbeide, har du ingenting i ein barnehage å gjere, meiner Malin.

Dei to studentane opplever studiet som krevjande, men det er også det som gjer det givande:

For å vere ein god vaksen i barnehagen, må vi opne opp og gi av oss sjølve. Studiet førebur oss i aller høgste grad på dette, meiner dei to.

Å ta barna ut på tur er ikkje utelukkande ei øving i naturfag. Det er i aller høgste grad også ei øving i sosialisering, i vennskap, konflikthandtering, språkleg kompetansebygging og motorikk.

– Vår jobb er å identifisere dei ulike faglege moglegheitene som ligg i alle dei kvardagslege aktivitetane, påpeiker Erling.

I februar skal Malin og Erling ut i sin første praksisperiode i kvar sin barnehage. Korleis ønskjer dei å bli mottekne?

– Det er lett å bli nervøs. Derfor er eg oppteken av at dei tilsette i barnehagen må skape tryggleik frå dag ein. Eg håper dessutan dei ser at det er mogleg med gjensidig læring. Vi kjem inn med friskt blod, opptekne av fag og pedagogikk, noko eg trur kan vere ei vitalisering for dei tilsette, meiner Erling.

Malin er oppteken av at praksisplassen verkeleg viser fram si pedagogiske plattform og tilnærming.

– Vi jobbar bevisst med at studentane våre skal ta med seg det faglege språket ut i barnehagane. Bruken av faglege termar vil auke bevisstheita på det pedagogiske aspektet og styrkje yrkesstoltheita, trur Berner.

Talet på mannlege studentar ved barnehageutdanninga i Stavanger dei to siste åra er det høgste nokon gong.

– Mangfaldet er større i dag, på alle frontar. Det er lenge sidan den mannlege barnehagelæraren tok seg av fotballen og turane i skog og mark, mens den kvinnelege stort sett sat med bordaktivitetar, smiler Berner.

Erling Heimdal ser for seg ei framtid i barnehagen.

– I første omgang på Stord der kjærasten min kjem frå.

Malin tenkjer seg undervisning.

– Eg skal først jobbe i barnehage, men om nokre år kan det godt vere at eg blir å finne framfor studentane i ein førelesingssal her på universitetet, smiler ho.

udir_uis_12_11_2015_13