Udir - EA - St Olavs barnehage Haugesund - Byvandring 01094_edit

På oppdagingsferd i eigen by


Barna i St. Olav barnehage veit meir om Haugesunds statuar og minnesmerke enn dei fleste vaksne. I haust inviterte dei oss med på tur, og vi vart klokare, imponerte og veldig sjarmerte.

For eit par år sidan begynte det som skulle vise seg å bli ein stor suksess. Byvandring har blitt noko barna gleder seg over med stor entusiasme.

– Som bybarnehage ønskjer vi å bruke nærområdet, og det har vore spennande for både store og små å bli kjende med alt det som finst i omgivnadene våre, fortel Mona Andersen, pedagogisk leiar i St. Olav barnehage.

Barnas ibuande nysgjerrigheit vart det perfekte utgangspunktet for å utforske byen. Barnehagen har brukt mykje tid på å bli kjend med dei ulike minnesmerka og skulpturane, og mange samlingsstunder til å lese og diskutere.

– Vi bruker boka «Haugesunds minnesmerker, fontener, skulpturer, utsmykninger og grensestener» og peiker oss ut det vi vil prøve å finne på vandringa. Det vi ser, blir utgangspunkt for mange fine samtalar. Dei lærer også mykje historie, og om kva og kven som har vore viktige for byen vår, seier Mona

Vi blir møtt av 11 ivrige barn mellom fire og seks år, sprudlande av energi og godt humør. Dei har akkurat hatt samlingsstund, og før vi går, viser de stolt fram sine eigne skulpturar og minnesmerke, laga i leire. Enkelte har forma minnesmerke over avdøde besteforeldre dei saknar, eller ein pappa eller bror dei er glade i. Alt laga med ein god porsjon kjærleik.

Med ballerinaskjørt, blinkande joggesko og luer på snei spring dei ut i den friske, klare lufta og samlar seg på ein stor grashaug bak barnehagen. Og det er ikkje kva haug som helst. Det er nemleg ei grav frå jernalderen! Mona fortel at viktige og rike menneske vart gravlagde slik på den tida saman med smykka sine. Fordi det er to store krater i haugen, kan det hende at grava er røva. Barna spissar øyro mens Mona fortel vidare om Harald Hårfagre, som det blir sagt vart gravlagd på Haugar.

– Harald var forelska i Gyda, og spurde om ho ville gifte seg med han. Ville ho det da?

– Neeeeei, roper barna i kor. Det ville ho ikkje så lenge han berre var ein liten småkonge!

Dette er tydeleg ei historie som fengjer, og dei fullfører setningane til kvarandre mens dei fortel: Harald ville bli konge over hele Noreg, og han skulle ikkje klippe håret eller skjegget før han klarte det.

– Han slost veldig mange stader, og så klarte han det til slutt. Han vart konge over heile landet, fortel fem år gamle Aasmund.

mona andersen_cv

MONA ANDERSEN

Mona Andersen er pedagogisk leiar.

Var utdanna førskolelærar i 1991 og har vidareutdanning i spesialpedagogikk.

Elisabeth Høvring_cv

ELISABETH HØVRING WESTERGAARD

Har jobba som assistent i barnehagen sidan 2008.

Ho er no andreårsstudent ved Høgskolen Stord/Haugesund der ho tek arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning.

Udir - EA - St Olavs barnehage Haugesund - Byvandring 00767

To og to, hand i hand, vandrar barna i veg saman med Mona og assistent Elisabeth Høvring Westergaard. Dei er både ivrige og målretta. Sola skin frå blå himmel, og det er stille i Haugesunds gater. Vi går forbi vakre trehus, hagar og tre til vi kjem til ein park, omkransa av stort, tett buskas. Som på klarsignal spreier ungane seg rundt for å utforske.

At statuane er noko fysisk og handfast, gjer dei interessante for barna. Dei kan ta og føle på dei, snakke om kva dei er laga av, og kven dei var. «Smeden», av granitt, blir utgangspunkt for ein samtale om båtar som vart laga for å kunne fiske all silda i Haugesund. Barna veit at nokre statuar berre er til pynt, mens andre er verkelege personar som har gjort noko bra for byen.

Det er mykje energi som skal ut denne måndagen, og barna spring frå statue til statue. Fleire av dei finn fram til ei kvinne utan klede, som sit og held rundt knea sine.

– Ho ser tankefull ut, eg trur ho ser på blomstrane, seier Chidare.

– Ho tenkjer kanskje litt, men ho er jo eigentleg berre ein statue, meiner Mille, og begynner å vaske håret til bronsekvinna med vatn etter nattens regn. Dei andre barna følgjer straks etter, og snart er både håret og heile kroppen skinnande rein.

– Han som har laga denne statuen, har laga ein annan statue som de liker veldig godt. Hugsar de kven det er? seier Mona, og set seg ned på huk mens ho ser spørjande på barna. Dei må tenkje seg litt om før dei begynner å glise frå øyre til øyre. – Gro, skarrar dei i kor.

Vesle Gro er favoritten til mange av barna, og vi finn henne ved biblioteket. Den vesle jenta står på ein stein med eit hav av raude blomster rundt seg denne septemberdagen. Barna helsar og klappar henne litt på hovudet før dei svinsar vidare rundt stiane i blomsterbedet, syng «Lang, lang rekke» og fniser. Det er tydeleg at dei samanliknar seg med den vesle statuen både i alder og storleik.

–Vi liker å besøkje Gro, ho er vennen vår! Statuen av henne er berre til pynt. Ho er så lita og søt! smiler Tuva og Alida.

Barna er på fornamn med dei fleste statuane. To andre det er veldig stas å besøkje, er Elisabeth og Knut. Rådhusparken og statuane der er gitt i gåve av ekteparet Knutsen, og barna spring ivrig bort til bystene når dei ser dei. Knut Knutsen OAS var ein av landets største skipsreiarar.

– Elisabeth og Knut var gifte og gav pengar til Haugesund, sånn at vi kunne få rådhuset. Det er veldig, veldig lenge sidan dei levde, supplerer Tuva, Aasmund og dei andre mens dei peiker på den store rosa bygningen, som vart innvigd i 1931. Tidlegare i år var dei også på besøk inne i rådhuset.

– På rådhuset jobbar Petter Steen, fortel Aasmund. Men no har vi fått ny ordførar, og han heiter Mohn.

Vi passerer Festiviteten og Tinghuset, mens Mona og Elisabeth fortel litt om kva som skjer der. På Tinghuset er det av og til folk som har vore litt slemme, seier nokre av dei. Andre veit at ein kan gifte seg der. Ein politimann vinkar til flokken frå den andre sida av gata, og dei vinkar storøygde og ivrig tilbake.

Sola begynner å varme godt, og luer og jakker blir tekne av og lagde i sekkane til dei vaksne. Nede ved kaia kan vi sjå over til statuen av Ola Flytt, som rodde folk over til den andre sida av sundet før det kom bru.

– Ola var snill og rodde dei som ville over til Risøy i mange, mange år. Han ber årene over skuldra, fortel Alida, og peiker på statuen i det fjerne.

Lista over kva barna veit, som folk flest i Haugesund kanskje ikkje veit, begynner å bli lang.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå foreldre og besteforeldre om at barna ivrig har delt av kunnskapen sin også heime. Det er veldig moro at dei har lært så mykje, og vi er også veldig glade for at byvandringa har bidrege til auka turglede, seier Elisabeth.

Udir - EA - St Olavs barnehage Haugesund - Byvandring 00161

Udir - EA - St Olavs barnehage Haugesund - Byvandring 00380

Det er ikkje få kilometer dei små beina har gått denne dagen, og det er tydeleg at med spennande oppdagingsferd kjem også eit imponerande uthald. Men no rumlar det i magane, og det er tid for lunsj og ein liten kvil. Mona og Elisabeth har ei overrasking til barna. I dag skal dei for første gong ete lunsj med ein konge! Statuen av Harald Hårfagre står høgreist og flott med utsikt over kaia i Haugesund. Med skjold, sverd og kniv, langt blafrande hår og svulmande musklar skodar han utover havet.

– Han ser litt skummel ut, meiner enkelte av barna. Og så har han skikkeleg langt, krøllete hår fordi han ikkje ville klippe seg! Da den første inspeksjonen av Harald er gjort, og barna har målt at håret hans er enda lenger enn Elisabeth sitt, set vi oss ned ved føtene hans. Brødskiver blir smurde og fordelte, og snart er 11 små munnar travelt opptekne med å ete. Det er koseleg å sitje inntil Mona og Elisabeth. Dei vaksne pratar med eitt og eitt barn, stryk hår vekk frå ansiktet og knyter skolisser som er gått opp. Begge fortel at dei er veldig glade i jobben sin.

– Eg har alltid gledd meg til kvar einaste dag, seier Mona, som har jobba i barnehage så lenge ho kan hugse. Det er så fint å få følgje barna og sjå dei vekse og utvikle seg. Nysgjerrigheita, alle spørsmåla over livet og dei gode samtalane gjer kvar dag spennande.

Etter at magane er mette, og klissete fingrar er vaska, snakkar dei litt saman om vikingtida, kva vikingane åt, kva dei gjorde, og korleis dei budde. Mille og Alida kikkar i boka dei har med seg, og finn nokre av statuane dei har sett. Nokre av barna speidar utover havet med kikkert. Oppdagingsferda nærmar seg slutten for denne gongen, og det er snart på tide å gå heim. Barna vinkar og seier ha det til Harald Hårfagre, før dei går vidare med fornya energi i retning barnehagen.

Og fekk vikingkongen Harald si Gyda til slutt, lurer du kanskje på? Det veit ikkje eg, men det veit heilt sikkert barna i St. Olav barnehage.

Udir - EA - St Olavs barnehage Haugesund - Byvandring 00684

- Tryggare med utdanning

– For å få barna med på slike opplegg må eg vere trygg i rolla mi, seier Mona Andersen. God relasjon og dialog med gruppa gjer at dei ivrig høyrer på det ho har å formidle.


Mona er ikkje i tvil om at både utdanning og erfaring har vore nyttig i arbeidet med byvandringa. I tillegg er rammeplanen eit viktig arbeidsdokument.

– Eg er oppteken av vaksenrolla og korleis vi utøver arbeidet vårt i det daglege med barna. Å leggje til rette for gode og meiningsfylte opplevingar i kvardagen skaper fellesskap og glede hos barn og vaksne. Dette opplever vi bidreg til auka lærelyst. Barna gir så mykje tilbake, og eg får både inspirasjon og arbeidsglede.

Kva er spesielt viktig å tenkje på i samband med turane?

– Planlegging, gjennomføring og organisering. Ut frå boka om ulike skulpturar og minnesmerke har vi valt ut nokre av dei, og lagt opp turane slik at vi får besøkt ulike delar av byen. Samtidig vil vi vise noko av Haugesunds historie, så vi valde skulpturar som er til minne om Haugesunds storheitstid som sildeby, og personar som har vore viktige. Å få til oppgåve å gå ut og finne desse skulpturane har vekt nysgjerrigheit og spenning hos barna.

Byvandring har vore morosamt og lærerikt, og har gjort barna meir merksame på det dei ser rundt seg. Etter tur snakkar dei saman om det dei har sett og opplevd.

– Vår oppgåve er å ta barna på alvor, respektere kvar enkelt, vise oppriktig interesse og lytte til dei. Dei har ofte mange spørsmål, og vi undrar oss saman. Som vaksne må vi ha tid og vere emosjonelt til stades, seier Mona.

Elisabeth har jobba i St. Olav barnehage i fleire år, og ho fortel at ho trivst altfor godt til å vere borte i tre år for å studere. Derfor jobbar ho no 60 prosent mens ho tek barnehagelærarutdanning ved Høgskolen Stord/Haugesund.

– Som assistent i barnehagen i fleire år har eg ofte lurt på om det eg gjer i kvardagen, er «rett». Eg opplever ofte i studiet at det eg har gjort og tenkt er bra, og eg har dermed blitt mykje sikrare i arbeidet mitt. Det er interessant å sjå korleis teorien er knytt saman med det vi erfarer i barnehagen, og eg er sikker på at barna dreg nytte av at eg no får meir teoretisk kunnskap.

Ho fortel at arbeidserfaringa kjem godt med i studiet, fordi det gir ein større heilskap.

– Det er nyttig å ha knaggar å hengje teorien på. I og med at medstudentane mine også har lang erfaring frå arbeid i barnehagen, kan det ofte bli friske og meiningsfulle diskusjonar. Vi lærer mykje av kunnskap og erfaringar hos kvarandre.

Det er stort fokus på fag i St. Olav barnehage. Derfor er dei tilsette opptekne av å utvikle den jobben dei gjer.

Fagleg oppdatering og påfyll er viktig. Som pedagog er eg oppteken av å lese nyare forsking og faglitteratur som vi kan ta med oss i arbeidet med barna. Eg har også dyktige medarbeidarar som vil det same. Saman skaper vi gode diskusjonar og har fagleg fokus på arbeidet vårt, avsluttar Mona.

Barnehagetilsette er heldige som får moglegheit til å sjå verda gjennom barna sine auge kvar einaste dag.

Barnehagetilsette er heldige som får moglegheit til å sjå verda gjennom barna sine auge kvar einaste dag.