uten_bakgrunn (inni sak)

NASJONALE SENTRE


10 nasjonale senter har på ulike satsingsområder nøkkelroller for å utvikle kvaliteten på opplæringen i Norge.

NASJONALT SENTER FOR FLEIRKULTURELL OPPLÆRING (NAFO)

NAFO arbeider med kompetanseheving, nettverksbygging og utviklingsprosjekt for å fremje inkludering og for å bidra til at alle kan få likeverdig og tilpassa opplæring i barnehagar, skolar og vaksenopplæringsinstitusjonar.

NAFO fokuserer no på å utvikle ressursar der fokus er på språkutvikling i alle fag. Eit døme på ein slik ressurs er «Matematikkomgrep på fleire språk» som ligg på nettsida Tema Morsmål, som NAFO har ansvar for.

nafo.hioa.no

NATURFAG­SENTERET

Naturfagsenteret er eit nasjonalt ressurssenter for naturfagdidaktisk kompetanse i barnehagen, grunn-opplæringa og lærarutdanninga. Senteret skal mellom anna løfte fram refleksjonsskapande og motiverande arbeidsmåtar og læringsstrategiar.

Naturfagsenteret skal bidra til å gjennomføre den nye realfagstrategien Tett på realfag og vere ein ressurs i arbeidet. Meir info og oversikt over tilbod frå Naturfagsenteret, sjå naturfagsenteret.no/realfagstrategien.

naturfagsenteret.no

NYNORSK­SENTERET

Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret arbeider med nynorsk i opplæringa, både som hovudmål og sidemål.

Tidleg start med nynorsk
Lesing og skriving på nynorsk som sidemål allereie på 5.–7. trinn legg eit godt grunnlag før ungdomstrinnet. Tidleg startsatsinga gjev inspirasjon og hjelp til å gjennomføre læreplanmåla.

nynorsksenteret.no

LESESENTERET

Lesesenteret har ansvar for leseopplæring og leseutvikling på nasjonalt plan, og hovudmålgruppa er pedagogar i barnehagar, lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring, tilsette i PP-tenesta, skoleleiarar, skoleeigarar og tilsette i lærarutdanningane.

Oppgåva til Lesesenteret er å setje leseopplæring og leselyst på dagsorden, og bidra til å styrkje arbeid med språk, leseopplæring og leseutvikling i skole og barnehage.

Språkløyper lanserte
Språkløyper er regjeringas nye strategi for språk, lesing og skriving. Strategien gjeld alle barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar. Språkløyper skal gjere barnehagetilsette og lærarar enda betre rusta til å jobbe med språk, lesing og skriving. Sjå www.sprakloyper.no for meir informasjon.

lesesenteret.uis.no

SKRIVE­SENTERET

Skrivesenteret eit nasjonalt ressurssenter som har som overordna mål å styrkje skrivekompetansen hos barn, unge og vaksne. Senteret har ein tverrfagleg karakter og arbeider med skriving som grunnleggjande ferdigheit i ulike fag og på ulike opplæringsnivå.

På skrivesenteret.no finn du fleire nye og inspirerande publikasjonar om skriving retta mot ulike fag og trinn.

skrivesenteret.no

LÆRINGSMILJØ­SENTERET

Læringsmiljøsenteret arbeider utoverretta, forskar og underviser for å gje barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne eit betre læringsmiljø.

Nytt nettbasert masteremne om mobbing
Læringsmiljøsenteret tilbyr no, i samarbeid med Dublin City University, det nettbaserte emnet «Prevention and intervention of bullying in learning environment» på 15 studiepoeng. Neste søknadsfrist er august 2016. Sjå lenkje:

laringsmiljosenteret.uis.no

NASJONALT SENTER FOR KUNST OG KULTUR I OPPLÆRINGEN (KKS)

KKS skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagane og grunnopplæringa, og bidra til engasjement og auka interesse for opplæringa innan kunst- og kulturfaga.

Senteret har ein ressursbase med mange ressursar for heile opplæringsløpet. Til barnehagen er ressursane tilpassa fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Ressursane til skolen dekkjer mange fagområde, mellom anna musikk, kunst og handverk og ulike valfag. I tillegg har desse ressursane eit fokus på grunnleggjande ferdigheiter. Det er òg ressursar til vidaregåande opplæring og kulturskolar.

kunstkultursenteret.no

NASJONALT SENTER FOR MAT, HELSE OG FYSISK AKTIVITET

Er eit ressurssenter for barnehagar og skolar innafor tema mat og fysisk aktivitet som del av læringsmiljøet, og for faga kroppsøving og mat og helse i skolen. Senteret har òg helsestasjonar og skolehelsetenesta som målgrupper, og senteret skal bidra til å styrkje det tverrfaglege samarbeidet mellom sektorane.

Bra mat og trivelege måltid er ein viktig del av læringsmiljøet. Senteret skal i inneverande skoleår arrangere regionale konferansar og seminardagar med dette som tema. Det skal òg utviklast ein kunnskapsbank om mat og måltider i skolen. Føremålet er å styrkje det arbeidet som blir gjort over heile landet for å leggje til rette for gode skolemåltid. Sjå mhfa.no for meir info.

mhfa.no

MATEMATIKK­SENTERET

Matematikksenteret skal bidra til auka kvalitet i matematikkopplæringa og til å utvikle gode haldninger, auka motivasjon og interesse for matematikk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret er òg eit ressurssenter for rekning og rekneopplæring.

Hausten 2015 vart heftet «Undersøkende matematikkundervisning II» ferdig. Målet med heftet er å inspirere lærarar i vidaregåande opplæring til å bruke varierte undervisningsmetodar og undersøkjande oppgåver i matematikkundervisninga.

I prosjektet «Mestre Ambisiøs Matematikkundervisning» – MAM utviklar vi ein modell med tilhøyrande ressursar for skolebasert etterutdanning av lærarar på mellomtrinnet. Ressursane som blir utvikla, kan òg brukast i lærarutdanninga.

matematikksenteret.no

FREMMEDSPRÅK­­SENTERET

Framandspråksenteret arbeider for auka kvalitet i framandspråkopplæringa og for at opplæringa skal få eit praktisk og variert innhald, og bidra til auka motivasjon og interesse for framandspråk.

Framandspråksenteret har utvikla ein idébank som gir tips til korleis ein kan jobbe med engelsk i barnehagen. Ressursen kan lett setjast saman til ein eigen «språkkoffert» med enkle aktivitetar som kan brukast i for eksempel den daglege samlingsstunda for å vekkje barnas interesse for det engelske språket. Gjennom leik og morosame aktivitetar blir barna introduserte for engelske omgrep. Desse ressursane eignar seg òg veldig bra til engelsk på barnetrinnet.

Noko av materiellet kan òg brukast i begynnaropplæringa i framandspråk og i norsk for språklege minoritetar, eventuelt òg i morsmålsopplæringa.

fremmedspraksenteret.no