Ikon

NY RAMMEPLAN I 2017

Regjeringa vil samkøyre arbeidet med den nye rammeplanen og den planlagde gjennomgangen av barnehagelova. Målet er betre kvalitet i barnehagane. På grunn av denne avgjerda vart det i februar 2015 bestemt at prosessen med ny rammeplan er utsett til 2017.

Regjeringa har gitt eit løfte til barna, foreldra, dei tilsette og sektoren om å løfte kvaliteten i barnehagane. Både lovarbeidet og den reviderte rammeplanen skal medverke til eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Derfor må vi sjå dei to prosessane i samanheng, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga frå regjeringa.

Departementet tek sikte på at den nye rammeplanen skal gjelde frå hausten 2017.

Regjeringa har bestemt at ei stortingsmelding om kvalitet i barnehagen skal leggjast fram våren 2016. Meldinga skal sjå nærmare på korleis barnehagar arbeider med barns læring, utvikling og språk. Ho skal også sjå på korleis ein kan sikre god overgang mellom barnehage og skule, og korleis barnehagane best kan følgje med på og identifisere barn som treng ekstra merksemd og hjelp. Denne meldinga vil gi grunnlag for å revidere rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver. ­­