Ikon

KVA ER STÅSTADSANALYSEN FOR BARNEHAGE?

Ståstadsanalysen er eit refleksjons- og prosessverktøy som blir brukt for å gjennomføre ei kvalitetsvurdering i barnehagen. Ståstadsanalysen er tilgjengeleg for alle barnehagar på udir.no. I august 2015 kom det ei ny og forbetra utgåve. Målet med Ståstadsanalysen er å skape felles refleksjon rundt barnehagens praksis blant dei tilsette. I analysen ser ein fakta om barnehagen og andre relevante undersøkingar i samanheng med dei tilsette si vurdering av praksis. Konklusjonen er eit uttrykk for kva som er barnehagens sterke sider, og kva som er utfordringane.

Les heile rapporten på udir.no/barnehage