Ikon

8 av 10 minoritetsspråkelege barn går i barnehage

Sidan 2005 har talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen auka frå 14 000 til 41 000. Over 60 prosent går i kommunale barnehagar. Omkring 35 prosent av barna får særskilt tilbod om språkstimulering, men dette varierer mellom fylka. I Troms, Sogn og Fjordane, Oppland og Vestfold får over 50 prosent tilbod. I Hordaland, Finnmark og Oslo er prosentdelen 25. Minoritetsspråkelege barn er definerte ved at både barnet og barnet sine føresette har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk.